Norsk presse, strømkrise og Venezuela


NORSK PRESSE likar å fremstille Hugo Chavez som ein despot, men sanninga er at han er folkevalgt, og har fått til mykje bra i Venezuela.

Det er val til kongressen i september, og media er i full gang med si svertekampanje for å framstille utviklinga i Venezuela dårlegst mogleg. I alle fall verkar det slik om ein skal døme etter kampanjen dei driv. Men kva med Noreg?

Når det er energikrise, slik det har vore denne vinteren, betalar vanlege straumkundar skyhøge prisar og urettferdigt sponsar kraftselskapa med høg profitt. Slik vert det når marknaden er vår guru. I Venezuela prøver regjeringa å regulera både vatn- og straumbruken slik at mange får tilgang, og ikkje at få brukar opp det meste. Men det er symptomatisk at i dei rike bydelar i Caracas gjev eliten blanke i sparing, og sløsar på som før.

Eliten hadde makta
Kvifor ikkje sjå litt meir grundigare på kva som verkeleg hender i Venezuela når det gjeld endringsprosessen og kva den fører med seg? Media må gje seg med å berre fokusera på ein person, Chávez, og heller finne ut at det er ei folkeleg deltaking som ligg bak det landet har oppnådd til no. Helse, utdanning, fattigdomskamp og matdistribusjon til låge prisar, er av dei aller viktigaste tinga som ikkje kan samanliknast med nivået for ti år sidan då majoriteten var råfattige og mangla alt. Eliten hadde makta og alle endar. No er i alle fall færre fattige, men mykje står att før ein kan snakke om rettferd for alle. Det er difor det er så viktig at prosessen får halde fram. Chávez er presidenten og førebels den som kan gje det rommet som trengs for at prosessen går framover med den folkelege deltaking som er heile bærebjelken i dette.

Media si rolle
Ingen vil truleg mistenke mainstream media for å ha eit sosialistisk syn, heller ikkje i høve til endringsprosessane i Venezuela, Bolivia eller Ecuador. Men det går an å fortelje ei historie som baserar seg på fakta, som i høvet Venezuela. Når det no prøvast å diskretitera den bolivarianske prosessen i landet, er det altså i hovudsak straumforsyninga dei kastar seg over. Og nok ei gong er det president Hugo Chávez som har skulda. Det er som om lang tid med mangel på nedbør og at vassmagasina difor vert tomme ikkje tyder noko som helst. Det er å håpe at meir riktige versjonar om kva som hender i Venezuela kjem i dei mindre meir alternative avisene i tida framover mot valet.

Ivar Jørdre, Raudt Bergen

Reklame

4 kommentar to “Norsk presse, strømkrise og Venezuela”

  1. J. Johnson Says:

    Når man leser dette, så lurer man på om vedkommende har basert sine skriv på egen erfaring fra Venezuela. Helt utrolig, tror du virkelig på det som du skriver? Jeg har mine kontakter i Venezuela, de er nå blitt anbefalt at forlate landet, det anses ikke som sikkert lenger en ut året for det lengste. Landet er på randen til borgerkrig! Chavez har endret regler så nå er det blitt vanskeligt å ta penger ut av landet, han endrer valutakursen og lover rundt det til å forhindre at folk kan flykte landet med sine verdier. hvorfor har han da fengslet og stengt siste TV stasjonen som var kritiskt i mot han? først han er så flink og snill og gjør kun det som er best for folket? Er det ikke et garantert eksempel på Diktatur, når ingen har lov og kritisere?

    • annakathrine Says:

      Dette er samme folka som forsøkte å styrte folkevalgte Chavez mens de sendte det på tv som et live-show, det dreier seg ikke først og fremst om mediafolk. Hadde noe lignende skjedd i Norge, så hadde ikke den tv-stasjonen eksistert lenge…

  2. J. Johnson Says:

    Disse folka ble dæmt i hæyesteret for å eie 26 biler… det var det eneste som Hr. Chavez fant til å kunne få dem dømt, utrolig nokk…

    Du bør lese denne rapporten: http://www.hrw.org/sites/default/files/reports/venezuela0908web.pdf

  3. skyggen Says:

    Kanskje denne artikkelen gir et mer balansert bilde?

    http://www.dagbladet.no/2010/06/15/magasinet/venezuela/hugo_chavez/utenriks/12088453/

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s


%d bloggere liker dette: