Eldreomsorg i fare



Foto: NRK

*Eigedomsskatt mot heimetenestene i Bergen*
Raudt har i det siste fått fleire tilseiingar frå einsame gamle med varierande helseproblem. Dei uttrykkjer angst fordi ryktene går om at ein del brukarar av heimetenestene vil få redusert eller fjerna det tilbodet dei har i dag.

Det er viktig å understreke at eit menneskje sine behov for kontakt med og vitjing frå heimehjelp og heimesjukepleie ikkje berre er eit spørsmål om somatiske helseproblem, men at det også er ein viktig sosial og kjenslemessig faktor som må vektleggjast. Det er fullstendig uakseptabelt at einsemd og sosiale behov ikkje skal telje med ved behovsvurderinga før ein kjem så langt at det utviklast psykiske lidingar som depresjon og angst i eit slikt omfang at det definerast som sjukdom.

I 2008 og 2009 vart eigedomsskatten meir enn halvert der Bergen Kommune gav frå seg 225 millionar kroner. Dette er pengar kommunen i høgste grad har bruk for, m.a. til å halde oppe og auke heimetenestene. I staden gjev dei bort pengar til pengesterke huseigarar i gode villastrøk. Eit byråd som gjer slikt usosialt tiltak treng ikkje byen sin befolkning.

Lette i eiendomsskatt er viktigere for de borgerlige enn eldreomsorg.

Det kan ikkje på nokon måte aksepterast at ein brukar budsjettproblem som argument for å kutte i heimetenestene. Det er IKKJE inntrykket hjå dei som arbeidar i denne sektoren at dei brukar mykje av sine ressursar på kontakt med menneskjer som ikkje treng deira tenester. Dei tilsette sine opplevingar bør difor vege svært mykje tyngre enn tilrådingar som kjem frå kontora i rådhuset og deira kostbare konsulentar.

Når eg spurte byråd for helse og sosial Christine Meyer i komiteen om ho kunne gå ut og forsikre offentlegheita i Bergen om at dagens brukarar av heimetenestene ikkje har nokon grunn til slik uro, så kom svaret omtrent som forventa.

Ho svara at Bergen kommune tildeler tenester til fleire brukarar enn kommunar det er naturleg å sammenlikne seg med. Og at talet timar som er tildelt i heimetenestene faktisk har auka det siste året. Dette vil sei at kommunen har ein lågare terskel for tildeling av hjelp enn andre kommunar, og det er eit mål at personar med stort hjelpebehov skal prioriterast høgast, svara byråden.

Verkelegheita seier noko anna når kutta skal gjennomførast på heimetenestene og andre område. Ein driv ein omvendt Robin Hood-politikk, gjev til dei rike og tek frå dei fattige. Når byråden hevdar at det er planlagt utfasing av denne type hjelp for mange brukarar, og at det ikkje er kommunen sitt ansvar for denne type behov, er kynismen og rå pengemakt eit faktum. Dett er absolutt ikkje tryggande for dei som råkast og som har angst for ei endå meir utrygg framtid. Difor kjem Raudt til å halde oppe trykket på kommunen og byråden, slik at dei i det minste skal halde oppe dagens nivå og auke det i nær framtid. Slike uverdige tilhøve for dei av byens befolkning som treng hjelp må stoggast. Og då må eit anna syn på menneskeverdet kome før pengemakt!

Ivar Jørdre og Torstein Dahle, Raudt Bergen

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s


%d bloggere liker dette: